2. søndag i faste – “Å leva det er å tilgje.”

Synd og kjærleik heng ihop, seier Jesus. Lite synd, lite kjærleik. Og omvendt.

Tilgongen til Guds nåde er open, men utan syndserkjenning, inga syndsvedkjenning eller syndstilgjeving.

Kong David erkjente: «Eg har synda mot Herren.» Då svara profeten Natan: «Så har òg Herren teke bort synda di. Du skal ikkje døy.» Slik er skriftemålet Gud har gitt oss. Absolusjon er sakrament.

Difor søkjer vi Gud og går til messe. Der kan vi gje han alt: Tårer, synd, skam, vår historie, vår alabasterkrukke, vår kropp og sjel. ”Jesus, meg selv jeg deg bringer / legger med ned for din fot / at du meg evig skal eie / jeg er jo kjøpt med ditt blod!”

Les Luk 7,36-50