22. s. etter pinse – Keisar og gallilear

«Betalar ikkje Meisteren dykkar skatt?» Peter må svare for Jesus, og svaret er «ja». Det er ei guddomeleg ordning at styresmakta skal støttast. Men keisaren må også passe inn i bøna: «Lat Guds rike koma.» Om ikkje, har han eit problem.

Det gjeld ikkje berre keisarar i eineveldet. Det gjeld også demokratiske folkeforsamlingar. Dei har forklaringsproblem når samfunnet legg til grunn at all makt går ut frå dei, anten det er frå kongen eller frå folket, som diktatur eller som demokrati. Då er det ‘tampen brenn’. Då vert vår lojalitet sett på prøve. Når keisaren vil forvalte sanninga, då må vi velje side.

Vel møtt til messe i Sta Sunniva menighet, Døvekirken, Kalfarveien 77, Bergen, søndag 6. november kl. 11.00.

Translate »