Advent og vinterfaste

Vi er midt i november og nærmar oss slutten på kyrkjeåret. I denne tida er det tydeleg at alt rundt oss blir mørkare. Dagane er kortare og natta lengre. Naturen lengtar etter vinterdvalen og evangelietekstane våre blir dystrare. Likevel kan vi i alt det mørke skimte eit lys og eit håp, for i det mørke er der også ei forløysing i vente.

561I denne doble tida der det svingar mellom mørke og lys, mellom dommen og det vesle barnet som skal bli verda sin frelsar, er det særs viktig å vere åndeleg vakne, for det er lett å bli riven på avvegar i slike brytningstider. Difor er også seinhausten ein fasteperiode for å skjerpe sinnet og sansane våre og stå stødig i kampen mot freistingane som kjem.

Fastetider er tider for å ta ein realitetsjekk i livet. Det er tider for å stresse ned, vere meir reflekterte og tenkje igjennom kvar ein står i forhold til kyrkja og det åndelege livet sitt. Fastetider er tider for å gå nærare sine åndelege rettleiarar, søkje skriftemål hos prestane og førebu seg på høgtida som alltid kjem etter ein fasteperiode.

Den nordisk-katolske kyrkja i Bergen startar adventsfasta søndag 01. desember. Likevel er det mange som vel å bruke førfasta som fastetid slik at ein får ein førti dagar periode før juledag. Denne «vinterfasta» startar i så fall fredag 15. november og blir markert i kyrkja frå 17. november. Skriftemål meldast til ein av prestane på førehand og blir halde i før- eller etterkant av messene eller på torsdagar i kyrkja frå klokka 19.30.

Leave a Reply