Agnus Dei qui tollis peccata mundi

Pasjonssøndag innleier ei veke med fordjuping av påskeførebuingane. Jesus kom i nærkontakt med dødens lakeiar. Vi kan øve oss i å gå i hans spor.

Berre syndarar, menneske med ei historie, treng ein forsonar. Smålege fightar med våre næraste, skammelege tankar, synd i gjerningar og ord – alt dette forvandla ved nåden Han omsluttar oss med.

Jesus, Guds offerlam, bergar alle som ser til han slik israelittane såg til koparslangen i øydemarka. Den eine som døyr for dei mange.

Translate »