Andre søndag etter epifania

“Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min,” er replikken 12-åringen Jesus parerer mor Maria si anklage med.

Barndoms- og ungdomsåra i Jesu liv er langt på veg løynde år som har gitt høve til mykje spekulasjon. Viktigast er nok kyrkjefaderen Ireneus’ ord om at Jesus levde som barn for å vere frelsar for alle born, som tenåring for å kunne frelse tenåringar og som vaksen og gamal for å kunne vere deira frelsar.

Men ‘home base’ for han er i Guds tempel. Dermed gir han ein viktig retningsvisar også for oss og våre liv. Visste ikkje du at du treng å vera i huset åt din himmelske Far? Han er der for å møte deg.

Translate »