Barsok er den gamle norske nemninga for Bartolomeus-messe, dagen til minne om apostelen Bartolomeus, ein av dei tolv Jesu apostlar.
Apostelen Bartolomeus er ikkje mellom dei mest kjende apostlane. Han er nemnt i opprekninga over apostlar fleire stader i evangelia. Den kyrkjelege tradisjonen gjev oss likevel noko meir informasjon om livet til den heilage Bartolomeus. Ved sitt liv og sin død tente han Jesus Kristus – Han som sjølv er den store tenaren. Bartolomeus’ liv og død vitnar vidare om kva det kan kosta å vera Kristus-vitne og Jesus-etterfylgjar. Dette knyter på skræmande vis til den dagsaktuelle forfylginga av kristne i Syria og Irak. Me ynskjer å lyfta fram denne situasjonen i våre bøner.