Brød til liv

Livsvernarar, miljøaktivistar, naturelskarar, fiskeforvaltarar, dyrevernarar, innsektsvernarar og ’you name it’. Det er midt i blinken for oss som trur på Skaparen, han som ordna livet og gav oss mat.

Freistinga er å ville gjere seg uavhengig av Gud. Mennesket som et sitt brød utan å be bordbøn, vert fort sin eigen slave.

Når Jesus gjer brødunderet, gjenopprettar han Guds opphavlege meining: At livet er ei gåve frå Gud og berre Han kan redde forbrukaren frå sjølv å verte forbrukt.

Translate »