Sundag 22. september feirar Sta. Sunniva kyrkjelyd Herrens oppstode.
Det er 17. sundag etter treeiningsdagen, og sentralt i feiringa står Jesu ord i Markusevangeliet som syner oss at Han er Herre og står over folkemeiningar og menneskebod: «Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten. »
Fader Svein Bartolomeus forrettar og held preike. Den gamaltestamentlege lektien er Jesaja 1:12-17. Nytestamentleg epistel finn ein i 1. Joh 4:7-10. Evangelietekst er Mark 2:18-28.
Messa vert feira kl 11.00 i kyrkja i tredje høgda i ”Sjøfarendes Aldershjem” på Nordnes (Haugevn. 34a/like ved akvariet). Velkomen!