Folkefrelsar

Gud skapte tida, og Jesus frelser henne, då tida var fullkomen. Tid er nåde og påminning om at Han er på veg. Frå inntoget i Jerusalem til Jesu gjenkomst i herlegdom er det adventstid. I denne tida vert lovnadar oppfylte. Der menneske møtest i templet på kviledagen, høyrer dei Guds tale, og då skjer det. Der lampen brenn ved tabernaklet dag og natt, er Den usynlege tilstade.

Der det fins fattige i ånda, er himmelriket. Fangar og blinde og bundne merkar det. Dette er Guds spor. Gjeldsslavar vert betalte for. Blinde får sjå det. Dei som ikkje finn Gud med eiga hjelp, får hjelp.

Advent er ikkje nedteljing til jul. Men varsling av Han som kjem og oppfyller lovnadar, for alle som tek imot han.

Translate »