Pasjonssøndagen innleier ei veke med fordjuping av påskeførebuingane. Jesus kom i nærkontakt med dødens lakeiar. Vi kan øve oss i å gå i hans spor.
Berre syndarar, menneske med ei historie, treng ein forsonar. Smålege fightar med våre næraste, store synder så vel som skammelege tankar, gjerningar og ord – alt dette forvandla ved nåden Han omsluttar oss med.
Jesus, Guds offerlam, bergar alle som ser til han slik israelittane såg til koparslangen i øydemarka.
Kven vil vere med i kampen mot synda og vondskapen?