Jesus øydelagde servicetilbodet i templet i Jerusalem. Også ei kyrkje kan bli ein serviceinstitusjon, ein stad for påfylling av åndelege behov. Men Jesus slår i bordet: Dette skal vere staden for omvending og tilbeding, med min lekam og mitt blod i sentrum.
Jesus kallar templet i Jerusalem med eit uttrykk frå profeten Jeremia: ’røvarhole’. Både tru og etikk er vorte omsnudde, er hans bodskap. Når menneske byter ut Guds formål med sine eigne, vert urett gjort til rett, usant til sant, vondt til godt.
Guds folk skal stå for Guds standard sjøl om den ikkje får ålmen oppslutnad. Freistinga for kyrkja er å legitimere brota på Guds vilje. Å underslå at dei som ikkje lever eit liv som er omvendinga verdig, står i fare for å misse Guds rike.
Det kristne livet er eit tempelliv. Med ordet og sakramenta held vi oss nær til Kristus. Skriftemålet er til for å rydde opp i livet vårt. Det er løyndomen. Elles vert vår tempelgong gudsteneste utan Gud.