På den gamle primstaven er 1. november markert med ein kross og eit skip som står bak-fram. Dagen blir kalla for helgemesse og er ein minnedag for alle helgenar, og særleg dei vi ikkje kjenner namnet på.
Den påfølgjande dagen er Alle sjeles dag der vi legg vekt på å be for alle som er døde i trua på Kristus: «På denne dag man bede må, for all den synd som utestå,» står det i ei gamal kjelde.