Preike oover Joh 5,24-30, skrive av den hl. Augustin, som var biskop i Hippo i Nord-Afrika på 300- og 400-talet.
Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet. Det seier Jesus i dagens tekst. Me strever vel alle etter å oppnå evig liv. Jesus vil at me ikkje berre skal høyra ordet, men også tru det, og forstå det. Den fromme trur, og frukta av å tru er forståing. Slik at me kan nå det evige livet, der det ikkje vil vera noko evangelielesning, eller nokon lector som les dagens epistel, – for Han vil sjølv visa seg for alle han kallar sine, og som er med han med reina hjerter, og med udøydelege kroppar, som aldri meir vil døy. Levande og Sjåande vil de forstå korleis Ordet var i opphavet, og Ordet var Gud. Lat oss difor tenkja på Kven det er som talar til oss i dagens preiketekst. Kristus er Gud, og Han talar til menneske. Han vil t menneska skal forstå Han, Han vil at dei skal kunna sjå Han. Lat han difor gjera menneska i stand til det, og til å opna augene våre.
Den som høyer orda mine og trur på han som har sendt meg, har evig liv, og kjem ikkje for Dommen, men har gått frå døden til livet.
Tenk på ein mann som kjem til tru. Først trur han ikkje, men så, ved å høyra, begynner han å tru. For ei lita stund sidan trudde han ikkje, men akkurat no har han begynt å tru. Då har han gått frå ein tilstand av vantru, til ein tilstand av tru. Det er hjartat som har flytta på seg, ikkje kroppen. Og mannen har bevega seg frå døden til livet.
Livet me lever her på jorda er ikkje det virkelige livet, seier Augustin vidare. Han siterer Paulus første brev til Timoteus, kap 6,17-19, som seier noko om dette: Byd dei som er rike i denne verda, at dei ikkje må vera hovmodige og setja sitt håp til den usikre rikdomen, men til Gud. Han gjev oss rikeleg av alt, så vi kan nyta det. Dei skal gjera godt, vera rike på gode gjerningar, gje med raus hand og villig dela med andre. Slik samlar dei seg ein skatt som blir ein god grunnvoll for tida som kjem, så dei kan gripa det verkelege livet.
Når dei blir oppfordra til å samla seg ein skatt som blir ein god grunnvoll for tida som kjem, så dei kan gripa det verkelege livet, må det vera snakk om at livet i denne tida ikkje er det egentlige livet, men eit falskt liv. Kvifor skulle du ha lyst til å gripa det sanne livet, dersom du allerede hadde det sanne livet? Det sanne livet er difor noko ein må gripa. Passasjen frå det falske til det sanne livet, skjer ved å høyra og tru – då kjem ein frå døden til livet, og kjem ikkje for dommen.
MEN KVA betyr dette – at me ikkje skal koma for dommen? Seier ikkje Paulus at alle må framføre Kristi Domsstol? For vi må alle fram for Kristi domstol, så kvar og ein kan få si løn for det han har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt. Er det nokon her som er betre enn Paulus? Vil du sei til deg sjølv at du ikkje skal koma framfor dommen? Men me seier ikkje det til oss sjølv – Frelsaren sjølv taler, Han som er Sanninga lovar det, og eg trur på han som gjev den lovnaden : Den som høyrer orda mine, og trur dei, kjem ikkje for dommen. Snakkar då Paulus i mot Kristus? Mennesket mot Gud? Elles veit ikkje eg korleis ein skal forstå det.
Men så openberrar Herren vår Gud det for oss. Ved skrifta viser han oss korleis det skal forståast når dommen blir omtala. Av og til betyr dom det same som straff, men andre gonger tyder det å skilja mellom to
ting. Ut frå denne siste forståinga kan me lesa Paulus sine ord om at alle må framføre Kristi dommarssete, for å få løna for det ein har gjort gjennom livet i kroppen, anten godt eller vondt. Det er å skilja mellom to, å løna dei gode med godt, og løna dei vonde med vondt. For dersom dom alltid skulle bety noko negativt, ville det ikkje stå i salmen: Døm meg, O Gud. Me er vane med å seia tilgje meg Gud, spar meg Gud. Men det salmisten snakkar om er ikkje fordømming, men det handlar om dømmekraft. Dømmekraft til å skilja mellom godt og
vondt – det er ein slik dom alle må gjennom framføre Kristi dommarsete. Og kva betyr det når Jesus seier at me ikkje skal koma framføre Dommen? Det betyr at me ikkje skal bli fordømt.
I første korinterbrev 11, skriv Paulus: Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av begeret. For den som et og drikk utan tanke for Herrens kropp, han et og drikk seg sjølv til doms. Difor er det mange veike og sjuke hos dykk, og nokre sovnar inn. Om vi dømde oss sjølve, vart vi ikkje dømde. Men når vi blir dømde av Herren, blir vi refsa, så vi ikkje skal bli fordømde saman med verda.
Det finst altså dei som blir straffa her nede, for å bli spart i det neste livet, og motsatt. Til sist er det ein dom der Gud, altså Guds Son, vil dømma djevelen og hans demonar, og alle dei vantru og ugudelege med dei. Til denne dommen, vil den som trur ikkje havna i, men han går frå døden til livet.
Men me må ikkje tolka Jesu ord slik at me ikkje skal døy på ein kroppslig måte – altså at kroppen vår ikkje skal døy. Me skal alle betala den straffa som Adam fekk – Dersom du eter av treet, skal du sanneleg døy. Den gudommelege dommen kan ikkje gjerast til inkjes. Men etter at det gamle mennesket har døydd, så skal det nye mennesket takast i mot i dei evige bustadene. I mellomtida lat oss foreta overgangen frå døden til livet alt no. Når du trur går du frå døden til livet. Så forbli i dette, og då kjem du ikkje for dommen.
Å gå frå døden til livet inneberer også å gå frå vantru til tru, frå urettferdigheit til rettferd, frå å vera stolt til å bli audmjuk, frå hat til nestekjærleik.
Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Det kjem ein time, ja, han er alt komen, då dei døde skal høyra røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva.
I evangeliet høyrer me om Lazarus, som var fire dagar i grava, før han blei vekkt til live att. Han var gravlagt, ein stein var lagt framføre grava, men så lydde Frelsaren røyst og vann over steinen som stengde for grava. Men er våre hjarter så harde, at den guddommelege stemma ikkje greier å vinna over dei? Reis deg i hjarta, stig fram frå grava di. For du var død i hjarta, og stengt inne av den steinen som bli kalla for dårlige vanar. Reis deg, og stig fram. Kva betyr det, reis deg opp og stig fram, som Jesus sa til Lazarus? Det betyr tru og bekjenn syndene. For han som har trudd har stått opp, og han som har bekjent har teke eit steg framover. Korleis det? Han gøymte jo synda før han bekjente ho – men når han bekjenner ho, går han frå mørket til lyset. Og kva skjer etter at ein har bekjent? Det samme som skjedde med Lasarus – Jesus sa til tenarane – løys han og lat han gå. Det same blir sagt om skriftemålet – det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.
Det kjem ein time, ja, han er alt komen, då dei døde skal høyra røysta til Guds Son, og dei som høyrer, skal leva.
Kva er kjelda til dette livet som det er snakk om? Det er frå livet sjølv. Frå kva liv? Frå Kristus. For han er vegen, sanninga og livet, seier han sjølv. Dei som før var døde, reiser seg, dei går over til livet. Når dei høyrer Guds Sons røyst blir dei levande, og dei forblir levande så lenge dei blir verande i trua på han. FOr sonen har liv i seg sjølv. Og det slik at dei som trur på han skal leva.
For slik Far har liv i seg sjølv, har han òg gjeve Sonen å ha liv i seg sjølv, Jesus har liv i seg sjølv står det. Oss menneske har ikkje liv i oss sjølv, men får liv gjennom Kristus. Som det står i Galatarbrevet 2,20: Eg er krossfest med Kristus; eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Me er som stearinlys, mens Kristus er sjølve elden. Me blir tente av elden, men har sjølv berre eld i den grad me trur på Kristus. Han er lys som ikkje kan utslokkast, han er evig som Faderen er evig, og har liv i seg frå før tida begynte.
Vidare står det at Gud har gjeve Jesus fullmakt til å halda dom fordi han er Menneskesonen. Faderen dømmer ingen, men han har gitt over dommen til sonen. Men kanskje nokon spør, kvifor Gud Fader måtte gi denne autoriteten til sin Son? Hadde han ikkje autoritet som Guds son til å utøva dom? Han var jo i begynnelsen hos Gud, ja han var Guds ord, står det i JOhannes-prologen. Jau, som Guds Son, hadde han denne autoriteten, men han er ikkje berre sann Gud, men også sant menneske. Som Menneske-sonen, fekk han denne autoriteten.
Dei som ligg i gravene, skal høyra hans røyst, står det vidare. Her handlar det om oppstoda frå dei døde. Sjølv om me tidlegare sa at etter det gamle mennesket har betalt dødens pris, skal det nye mennesket få det evige livet, betyr ikkje det at det ikkje også er ei oppstode av kroppen. Det er nokre vranglærarar som har lært dette – at oppstoda alt har funne stad i dei truande, og at det ikkje er endå ei ppstode – av kroppen. Men Jesu eigne ord tilbake viser desse – han seier at det kjem ein time, altså ein gong i framtida, at dei døyde skal høyra hans røyst. Det kjem ved verdens ende.
Og dei skal koma fram; dei som har gjort det gode, skal stå opp til livet, men dei som har gjort det vonde, skal stå opp til dom. Med andre ord, det er ein livets oppstode som ventar dei som har gjort det gode, medan det er ei oppstode til dom som ventar på dei som har gjort det vonde.
Vidare seier Jesus: Eg kan ikkje gjera noko av meg sjølv. Eg dømmer etter det eg høyrer, og dommen min er rettferdig. For det er ikkje min eigen vilje eg vil fremja, men hans vilje som sende meg.
Tenk på det, Jesus seier eg søkjer ikkje min eigen vilje, men hans vilje som sende meg. Tenk at Den Einbårne Sonen seier det, mens mange menneske berre søkjer å gjera sin eigen vilje! I så stor grad audmjukar han som er Faderens like seg. Han audmjuker seg så mykje at han stig ned i den djupaste mørket, og kan berre oppstå når ein Hand blir strekt ut il han. Lat oss difor gjera Faderens vilje, Sonens, VIlje, Den Heilage Andes vilje – for i den treeinge Gud er det berre ein vilje, ei kraft, ein majestet.
Alt til ære for Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, som var og er, ein sann Gud frå æve til æve. Amen.