Gud finst. Ikkje på ei adresse i Jerusalem. men i den kristne Kyrkja. For no er himmelen på jorda.
Jesus introduserer sine vener for den usynlege verda. Der Heilaganden skal vere deira rettleiar. Der dei får innsyn i Guds planar og tankar. Med slik kompetanse etterlet han dei på jorda.
Men når det skjer, vil den usynlege motstanden reise seg, seier Jesus. Kreftene i denne verda vert utfordra. Slik lyset utfordrar mørkret. Dei som fylgjer Jesus, vil bli støytte ut. Forvirringa vert så total at dei som slår oss ihel trur dei gjer Gud ei teneste.
Teikna er mange på at kulturen vår held på å bli rangsnudd. Det som er galt, vert rekna som rett. Det som er vondt, vert kalla godt. Det stygge vert kalla vakkert. Kulturen sluttar å la seg prege av kristenarven. Jesu ord er «Dei kjenner korkje Faderen eller meg,» seier Jesus.
Vi har grunn til å be «Veni, Sancte Spiritus! Kom, Heilage Ande, fyll hjarto til dine truande!»