Kamp mot vondskapen

Tredje søndag i fastetida.

Psykologar, journalistar, biologar, politikarar, forfattarar – det er ikkje ende på alle som vil forklare vondskapen. Jesus dreiv ut vonde ånder. I vår historie har menneske drive ut vonde makter som har okkupert heile nasjonar. Men det blir ikkje slutt på dei.

Den heilage Augustin har sagt at det vonde har ingen substans. Det vonde er imot naturen, for naturen er god. Det vonde oppstår når det gode som burde vere der, er borte.

Gud har teke opp kampen, ein kosmisk kamp om menneska si redning frå den vonde.

Der er eit sluk i skaparverket som menneske kan falle nedi. Difor talar Jesus med makt og mynde når han konfronterer vondskapen. Ikkje stemningar. Han sjølv møter herskaren over vondskapens hær i ein kamp på liv og død.

Ikkje rart djevelen går omvegar utanom krossen når dei møtest.

Translate »