Kampen for tilveret

I 2000 år har Kyrkja vore truga av utrydding. Dei fornuftigare, klokare og meir relevante ville styre henne frå hovudkontora og ikkje frå himmelen. Men regima har falle, og kyrkja «… is marching on.» Som symbolet for verdiar som er annleis og det livet som er usynleg. I tru på at ho skal sigre over verda.

«Dette har eg sagt så de skal ha fred i meg,» seier Jesus. Han kjem att ein dag. Som Domaren over alle falske alternativ. Alt det menneska ville bygge opp, alt det pengar, makt og ære har skaffa oss, skal falle saman slik kommunistverda gjorde det i 1989.

Gud fins, ikkje på ei adresse i Jerusalem, men i den kristne kyrkja. Her finst meininga med livet og den framtida som skal sigre over verda.

Translate »