Keisar og gallilear

At keisaren skal ha sitt,  er ei guddomeleg ordning. Men keisaren må passe inn i bøna: «Lat Guds rike koma.» Om ikkje, har han eit problem.

Ikkje berre keisarar i einevelde. Like mykje demokratiske folkeforsamlingar. Dei har forklaringsproblem når samfunnet legg til grunn «all makt i denne sal». Kongen eller folket, diktatur eller demokrati – same sak.

Då er det ‘tampen brenn’. Då vert vår lojalitet sett på prøve. Vi må velje side når keisaren vil forvalte sanninga.

Translate »