Kirkebladet

Siste nummer av Sta. Sunniva kirkeblad kom ut i januar 2014, da det ble innlemmet i AD FONTES, det nye kirkebladet for NKK nasjonalt. – Ettersom lenkene til de tidligere utgavene av Sta. Sunniva kirkeblad og andre dokumenter ikke lenger fungerer, er de fjernet der det nå står (…).

* * *

Januar 2014

Ingrid Gjertsen har skrive teksten til årets fyrste kyrkjeblad, om feiringa av Guds ikjøting, som varar lenge enno for oss kristne. (…) Med ynskje om ei framleis god jol og eit godt nytt år.

Desember 2013

Eit nytt kyrkjeår står for døra, og advent er den storslegne starten på dette året. I Sta. Sunniva kyrkjeblad for desember tek fader Ottar Mikael Myrseth oss med inn i denne tida:

“Adventstida fører oss inn i andre dimensjonar enn gløgg, pepparkaker, ribbe og rakettar. Advent slår an tonen for den kristne kyrkja i alle årstider. Ho lyfter oss ut av sirklinga kring oss sjølve og vårt eige”, skriv Myrseth.

(…)

November 2013

Kyrkjebladet for november er her! Det inneheld andre og siste del av dei åndelege råda frå erkebisp Simon Platon av Kostroma. (…) Subdiakon Øystein J. Lid

Oktober 2013

I kyrkjebladet for oktober kan ein lesa nokre enkle, men gode råd for dei som ønskjer seg betre åndelege vanar. (…) Subdiakon Øystein J. Lid

September 2013

Kjære alle saman. Hausten står for døra – den herlege tida med modne bær, plommer og eple. Årets rytme er på sitt mest dramatiske når trea skiftar farge og misser lauva. Kyrkjeåret og tidebønene gjev rytme til det åndelege livet. (…)

August 2013

Denne måneden er det Dr. Einar Lundby som taler til oss om kristent hverdagsliv og om å stige inn i den daglige helliggjørelseprosessen. Han bruker kanskje ikke ord som alle katolikker er like fortrolige med, men prinsippene er stort sett de samme. (…)

Juli 2013

Sta. Sunniva kirkeblad deler denne måneden en tekst skrevet av Johan Arndt (1555-1621). Han var sterkt preget av de førreformatoriske mystikerne, og boka hans Den sanne kristendom er en av verdens mest utbredte andaktsbøker og har stor anseelse både i katolske og i lutherske kretser.

Teksten “Den daglige andaktsstund” er hentet fra Den sanne kristendom, bok tre, kapittel 12, og kan kanskje være noe å ta med seg inn i fellesferien. (…)

God sommer til dere alle!

Juni 2013

Sta. Sunniva kyrkjeblad for juni er her! Vår bror i Kristus, Kim Larsen, deler med oss korleis Gud stundom kan leia oss inn i eit “guddommeleg mørke”. (…)

Mai 2013

Etter pilegrimsreisen til Roma høsten 2008 vil sangen “Eg er ein gjest i verda” ikke slippe taket. Jeg vet hvorfor. Vi var i katakombene utenfor byen. I etasje på etasje med underjordiske ganger gikk vi midt mellom gravene til de første kristne. En halv million skal ha blitt gravlagt her, mange av dem martyrer. Her på dette stedet, i små huler og rom, nær de helliges graver, feiret Romas første kristne messer. Det gjorde også vår lille pilegrimsflokk fra Norge.

Les meir av Ingrid Maria Gjertsen sin flotte tekst i Sta. Sunniva kyrkjeblad for mai. (…)

April 2013:

Kristus er oppstaden! Den nærverande og oppstadne frelsaren gjev oss den største gåva av alle – fellesskap med vår himmelske Far og skapar. Bladet for april (…) handlar om ein av måtane Gud har fellesskap med oss – gjennom Jesusbøna. Ei bøn fødd i ørkenen, men med bibelske røter, bevart i avsidesliggjande kloster – og først i moderne tid gjort kjent for eit større, kristent publikum. I sin kortaste versjon kjenner me ho frå liturgiens Kyrie Eleison – “Herre forbarm deg”. Ein lengre versjon, foredla i Russland, er: “Jesus Kristus, Guds son, forbarma deg over meg, ein syndar.” Ortodokse helgnar som Den nordisk-katolske kyrkja ærar, som Serafim av Sarov, brukte bøna som åndeleg reiskap nummer ein. I vest har mellom anna biskop Kallistos Ware gjort bøna kjent. (Her kan lastast ned halvannan times langt føredrag ved biskop Ware om bøna. Transkribert her. ) For ein introduksjon til bruk av bøna finnast i kyrkjebladet. .

Mars 2013:

Den heilage Johannes av Damaskus sitt forsvar for ikonane frå 700-talet er stadig aktuelt. Etter nesten 500 år med protestantisme her til lands sit det ein inngrodd skepsis til religiøs biletbruk i ryggmargen hjå mange moderne kristne. Å venda tilbake til det opprinnelege og naturlege forholdet til dei heilage bileta er ein prosess me må gå aktivt inn i. Fader Svein Bartolomeus på Tegland i Fusa gjer dette ved å laga til ein konkret bønesti på garden der det blir opna for venerasjon av heilage bilete laga av Solrunn Nes. Les meir i siste utgåva av bladet (…).

Februar 2013:

Som opptakt til den store og heilage fasten som tek til om 12 dagar tek kyrkjebladet denne gongen opp spørsmålet om kvifor me bør fasta og korleis. Fader Roy-Olav Øien er vår guide til temaet. (…)

Januar 2013:

Me ønskjer alle lesarane eit godt nytt år med ny utgåve (…)med kloke ord frå Ignatius Brianchaninov (1807–1867), rekna for å vera helgen blant våre ortodokse vener. Så vidt eg veit finst ikkje avsnittet om “falsk og ekte iver” på norsk frå før, eller boka The Arena i det heile. Dersom eg tek feil, er det fint om nokon kan korrigera meg og fortelja meg kor eg kan kjøpa ho!

Desember 2012: Ingen utgåve

November 2012:

Kyrkjebladet denne gongen handlar om ein lærdom me fekk frå klosteropphaldet i England nyleg – kor viktig det er å øva seg i stillheit i bønelivet. (…)

Oktober 2012:

På denne tida av kyrkjeåret handlar det englar – og det same gjer oktoberutgåva av kyrkjebladet for Sta. Sunniva kyrkjelyd. (…)

September 2012:

Kyrkjebladet for september er her, omsider. (…)

August 2012:

I denne utgåva kan ein lesa om det nordisk-katolske Olsok-stemnet i Trondheim. (…)

Juli 2012:

I denne utgåva av kyrkjebladet blir lesarane inviterte med på gudstenestefeiring mellom fjord og sjø i eit utandørs kapell i Midthordland. (…)

Juni 2012:

Siste utgåva av kyrkjebladet handlar om pinsestemnet i Ålesund. (…)

Mai 2012:

Teksten i (…) denne gongen er skrive av ein av dei tidlegaste kyrkjefedrane våre, biskop Kyprian av Kartago på 200-talet, ein høgt utdanna afrikanar som konverterte til kristendommen og levte radikalt for Kristus resten av livet. Han var leiar for mange biskopar i Nord-Afrika. Ein av tekstane me har bevart etter han handlar om Fadervår, som me gjengir eit utdrag frå i denne utgåva av Sta. Sunniva kyrkjeblad. (…)

April 2012:

Ved inngangen til den store og heilage veka. (…) for april.

Mars 2012:

Det er framleis tidleg i fasten. I denne utgåva (…) høyrer me kva ei rekkje vestlege kyrkjefedrar seier om det å fasta!

Februar 2012:

Det er kaldt mange stader, og våren verkar å vera fjern. Kim Larsen minner oss i (…) på korleis me kan halda ut og vera tolmodige når Gud verkar å vera fjern.

Januar 2012:

(…)

Desember 2011:

(…)

November 2011:

Gjennom kyrkjehistoria har klostera vore ein viktig kanal for å vidareføra sant åndeleg liv. Me i Den nordisk-katolske kyrkja trur framleis det er avgjerande å vera kopla på rotsystemet klostera representerer. I denne utgåva av Sta. Sunniva kirkeblad deler fader Roy-Olav Øien erfaringar frå ei reise til det benediktinske klosteret The Community of the Holy Cross i England i oktober. (…)

Oktober 2011:

I denne utgåva av Sta. Sunniva kirkeblad blir me kjent med det nye ikonet av Sta. Sunniva me har fått i kyrkja vår, og kunstnaren som står bak, Solrunn Nes. (…)

September 2011:

I denne utgåva av kyrkjebladet fortel ein av våre nye prestar, fader Roy-Olav Øien, om sin veg mot katolsk kristendom, om kallet til klerk, og andre karismatiske krumspring. (…)

August 2011:

Sta. Sunniva kirkeblad for august handlar denne gongen om kjærleik og audmjukheit. (…)

Juli 2011:

(…) Sidan me snart feirer Seljumannamesse skriv Ingrid Gjertsen for oss om Noregs fyrste helgen, Sta. Sunniva.

Juni 2011:

I juni utgåva gjev me ordet til hl. Serafim av Sarov om kor viktig det er å tileigna seg Den Heilage Ande. (…)

Mai 2011:

(…)

April 2011:

Når me er midt i fasten kan han virka tung og lang. I denne utgåva hjelper presten vår, fr. Erik Andreas Heyerdahl Holth, oss til å lyfta blikket og sjå fram mot det alt handlar om: Den komande festen for Jesu siger over døden. (…)

Mars 2011:

I denne utgåva har me vore så heldige å få diakon Svein Arne Myhren Tegland til å skriva for oss, om sankt Antonius. Elles skjer det mykje i kyrkja vår i Bergen i mars månad, så eg vonar fleire vil ha nytte av å ha infoen samla på ein stad. (…)

Februar 2011:

Sta. Sunniva kirkeblad for februar er her. (…) send det gjerne vidare!

Januar 2011:

Den nordisk-katolske kirke avdeling Bergen presenterer fyrsteutgåva av lokalavdelinga sitt kyrkjeblad. (…). Denne gongen fokuserer me på tidebøna – den gamle kristne tradisjonen å be til faste tider på døgnet. Neste nummer kjem alt 1. februar, så eg vil oppmoda dei med syn for saka å koma med innspel til dette nummeret.