I det siste har eg fått ein del spørsmål om kva som skil Den nordisk-katolske kyrkja frå Den romersk-katolske kyrkja. Ved første augekast kan dette vere vanskeleg å sjå, for mykje er likt. Den nordisk-katolske kyrkja er ei katolsk kyrkje slik katolisismen er definert i Vest-Europa, og våre røter er djupe og solid planta i det fundamentet som Den romersk-katolske kyrkja har lagt både gjennom antikken og mellomalderen. Kyrkja vår er difor ei ung kyrkje med ein gamal tradisjon.
Her er likevel ein del som skil. Kanskje kan ein tenkje på Den nordisk-katolske kyrkja som kyrkja som tek vare på det katolske slik det har kome lokalt til uttrykk i norsk historie frå starten på 700-talet og til ein berre vagt kunne minnast «gamletrua» 1100 år seinare. Dette er ein kristendom prega av ortodoks teologi, romersk-katolske ordningar og keltisk spiritualitet slik han har kome fram gjennom til dømes haugianarane. Såleis er Den nordisk-katolske kyrkja det som ute i verda blir kalla for gamalkatolsk, og teologisk held vi i hevd gamletrua her i landet ved ikkje å akseptere:
▪ filioque-tillegget i den nikensk-konstantinopolitanske, og teologien som spring ut av dette tillegget. (Anden utgår frå Faderen og ikkje frå Faderen og Sonen).
▪ pavedømet slik det vart definert av Det første vatikankonsilet i 1869-70 (ex cathedra).
▪ at prestar skal leve ugifte og i sølibat.
▪ praksisen med å annullere ekteskap i staden for skilsmål.
▪ den noko manglande epiklesen (påkallinga av Heilaganden) i den romerske messa.
▪ læra om skirselden og avlaten.
▪ det augustinske synet på arvesynda.
▪ skolastikken (Thomas Aquinas) sin idé om den skapte nåden. Vi held oss til Gregor Palamas og tanken om at Gud er nåden (essens og energi).
▪ dei nye mariadogmene frå 1854 (Maria avla utan synd) og 1950 (Maria vart teken opp til himmelen med lekam og sjel (utan å døy)).
Fr. Olav Paulinus