2. februar er Kyndelsmesse. Dagen er ein festdag til minne om Jesus som barn vart boren fram i templet i Jerusalem førti dagar etter fødselen og har såleis ein gamal jødisk tradisjon bak seg (3. Mos 12,2-4). Festen vart difor tidleg ein kristen festdag, og pilegrimen Egeria skildrar kyndelsmessefeiringa i Jerusalem allereie i år 386.
Ordet “kyndel” kjem av det norrøne ordet “kyndill” som tyder vokslys. Dette fordi det på kyndelsmesse er vanleg å velsigne lysa som ein brukar både i kyrkja og heime.