Det er helg, folk har fri frå arbeidet, og mange kyrkjer opplever glisne kyrkjebenker og dårleg frammøte når kyrkjelyden endeleg igjen skal samlast sundagen. Grunnane er nok mange.
Folket er farne – ei god del av dei – opp på fjellet. Her fyllest hyttene som har stått tome sidan sist helg. Dei store hyttelandsbyane i fjellbygder over heile landet dreg folk i sin beste alder frå nærmiljøa sine og opp til helgelivet i fjellheimen med boblebad og “afterski”. Ein flokkast på Hovden, på Geilo, på Oppdal og på Knaben – helg etter helg.
På fjellgarden Knaben i Fjotland i Vest-Agder som ligg ved eit av dei større fjellhyttefelta i landet, skal det ha levt ein mann dei kalla Besse kring reformasjonstida. Besse på Knaben var rekna for ein heilag mann. Ved garden sin hadde han ein bønestad han brukte kvardagar og helgedagar det ikkje var messefeiring. Kyrkjesundagane gjekk han heile den 6 mil lange vegen til kyrkjestaden Liknes for å vera med kyrkjelyden før han gjekk dei 6 dryge mila heim att til Knaben.
Me veit ikkje sikkert om Besse nokon gong har levt. Forteljingane om Besse er fleire og meir spektakulære enn det som blir nemnt her. Skriftlege kjelder teier, men folkeminnet talar rikt om mannen. Han er ein figur i skjeringspunktet mellom segn og soge. Historikaren har kalla han “bondehelgen”, ei nemning etla for menneske som fekk ord på seg som heilagmenne og som har vore minna i einskilde bygdelag utan at kyrkja har gjeve dei nokon offisiell helgenstatus. Men eg er likevel glad i soga om trushelten frå heiebygda, og han er blitt eit aldri så lite føredøme for meg. Det er ikkje tvil om kva som er viktig for Besse. Trua hans får fylgje for han: Han søkjer Jesu Kristi kyrkje, mottek sakramenta og byggjer fellesskapen og kyrkja – trass dei praktiske utfordringane han har og tida det tek.
Besse-figuren er eit døme frå ei anna tid på nokre prioriteringar og eit levesett ein kanskje ikkje fylgjer logisk i dag – iallfall fortel låg kyrkjesøking og fritidsmønsteret i vår tid ei anna soge. Det er flott å fara på fjellet, kosa seg og oppleva noko anna saman med vener – ja, jamvel ta ein tur inn i fjellkapellet. Men det kan henda at det er nokon som sit att og saknar ein generasjon eller to i kyrkjebenken der heime og som etterkvart sjølv tenkjer at når me får råd, stikk me òg til fjells.