Kyrkjelydshelg på Tegland

tegland3Me bed inn til kyrkjelydshelg på Tegland i Hålandsdalen fredag 20. til sundag 22. juni. Her vert det samling kring sosiale aktiviteter og frivillige arbeidsøkter, råma inn av tidebøner og måltidfellesskap.

Sundag vert det høgmesse i Hidlerkapellet kl. 11.00. Etter messa vert det kyrkjekaffi (grilling) og ulike sosiale aktivitetar for store og små. Ta med grillmat og noko til kaffien til sundagen. Ta òg med livvestar til ungar.

Maten fredag og laurdag vert organisert frå Tegland. Fellesmat vert kjøpt inn og ein spleisar på utgiftene. Det er difor greitt å gje melding om kor mange som kjem desse dagane slik at mat og overnatting kan planleggjast.
So vonar me at mange har høve til å vera med denne helga!