Marias innsomning har lang historie som minnedag i Kyrkja. Alt på 100-talet markerte den kristne kyrkja denne dagen. Maria vitna på ein heilt spesiell måte med sitt liv om Jesus Kristus. Ho som fødde Jesus, var Kristus-berar på ein særleg måte, men viser samstundes alle kristne at me òg skal vera Kristus-berarar i våre samanhengar. Maria er eit sterkt symbol på kva Gud kan gjera i og gjennom menneske. Maria sa ja til Herren, og som den fyrste kristne var ho ikkje berre eit vitnemål i ord, men eit vitnemål i gjerning og liv. Ved sin død fullende ho livet i Jesus Kristus, Han som var hennar Son og Herre.
Evangelium for rike?
«Du skal itte få ein dag i mårå,» seier Jesus... Les mer →