Nordisk-katolsk messe i Nordfjord

Velkomne til gamalkatolsk messe på «Svartedøgeret» som er 29. april ifølge primstaven. No skal alle åkerteigar vere pløgde og såkorn skal i jorda. Der skal dei ligge skjult i mørkret og spire smått om senn.

Denne søndagen er teksten om Jesu forbøn for sine utsendingar, og dei som kjem til tru ved deira ord.

Apostlane sine ord er ikkje deira eigne idear om Gud, men Kristi ord som han har lært av Faderen. Det såg kan hende smått ut då Jesus samla sine tolv apostlar til påskemåltidet, men bodskapen han gjev dei, har kraft og mynde frå han som sender. I seg sjølve var dei makteslause og ufullkomne som alle andre, men dei talte ikkje ut frå seg sjølve, men det Herren sa dei skulle gå med.

Teksten er frå Johannesevangeliet der Jesus ofte gjentek: Sonen kan ikkje gjere noko av seg sjølv, berre det han ser Faderen gjer – og– som Faderen har sendt meg, sender eg dykk.

Denne søndagen er fr. Olav Paulinus Øien celebrant/liturg og fr. Ottar Mikael Myrseth predikant og diakon. Etter messa har vi kyrkjekaffi og drøs.

Alle er hjarteleg velkomne til messe i Betania i Stryn søndag 29. april klokka 12.00.