St. Augustin av Hippo predikant

ScsAugustin

Dagens preike er skrive av den heilage Augustin, biskop i Hippo, som levde frå 354 til 430. Hans hovudtema ut frå dagens preiketekst er forholdet mellom Faderen og Sonen i Treenigheten.

Då vår Herre Jesus Kristus talte til jødane, og gav så mange mirakuløse teikn og under, så var det berre nokon av dei som trudde. Det var dei som var forutbestemt for evig liv, som han kalte sine Får.  Men nåken trudde ikkje, og dei kunne ikkje tru heller, fordi: ved det mysteriøse, m

en ikkje urettferdige Guds forsyn, hadde dei blitt forblinda og forherda. Dei blei forkasta av han som motstår dei stolte, men som gir nåde til dei audmjuke, som det står i Jabobs brev, kapittel 4, vers 6. Men blant dei som trudde, var det var det nokon som hadde ein så sterk bekjennelse at dei til og med tok palmegreiner, og møtte han med ei glede, og det blei ei heil gudsteneste av lovsong. Andre derimot, som tilhøyrte herskarklassen, hadde ikkje det motet til å bekjenna trua – dei var redde for å bli kasta ut av synagogen. Evangelisten har det vitnesbyrdet mot dei at dei heller ville ha ære frå mennesker enn frå gud. Det var riktignok ein del som Jesus forutsåg ville koma til tru seinare, Jesus sa jo: Når de har lyfta menneskesonen opp (altså Krossfesta han), så vil de anerkjenna at EG ER DEN EG ER. Men dei var også ein del som berre ville bli verande i si vantru.

Slik var altså tilstanden og utgangspunktet for dagens tekst. Jesu liding og død står for tur, og det står at Jesus ropte ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg. Og den som ser meg, ser han som har sendt meg.

Ein annan stad seier Jesus, eg har ikkje læra mi frå meg sjølv, men frå han som sende meg. Han kallar læra det samme som Han sjølv er, nemleg Faderens ORD (det logos på gresk, som også kan bety noko i retning av lære). Når han seier det antydar han at han ikkje utgår frå seg sjølv, men men han har sitt vesen frå ein annan. For han er Gud av Gud, Son av Faderen. Faderen er ikkje Gud av Gud, men Faderen til sonen. Og no, når han seier, Han som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg, korleis elles skal me forstå det, enn at han SÅG ut som eit menneske for menneske, men i det usynlige forblei han sann Gud. For at ingen skulle tenka at han berre var det som ein kunne sjå med dei fysiske augene, indikerte han sitt ønske om å bli trudd på som likemann med Faderen i grad og i karakter. Han sa jo; Han som trur på meg, trur ikkje på meg, altså ikkje berre på det han kan sjå av meg, men på Han som har sendt meg, det betyr på Faderen. Og han som trur på Faderen, må tru at Han er Fader, og han som trur på han som Faderen, må tru at han har ein Son. På denne måten må den som trur på Faderen, tru på sonen.

Ikkje på den måten som oss menneske blir omtalt, som søner av Gud, slik Jesus siterer salmisten ein annan stad: når han seier; Eg sa, De er gudar, og alle dykk er borna til Den høgaste.” Ingen må tru om Guds einbårne son at han er son på den måten, son av Gud ved nåde, og ikkje av natur. Nei. For han sa “Han som trur på Meg, trur ikkje på meg.. Det gjorde han for å visa heile rekkjevidden av vår tru på Kristus – den skal ikkje vera begrensa til å tru på Kristi manndom. Han seier difor, den som trur på meg, trur på Faderen, og at Faderen har ein Son som er Faderens like – slik når ein fram til ei sann tru på Kristus. Dersom nokon skulle tru at Gud Fader berre har søner av NÅDE, og at han ikkje har nåken einbåren son, trur vedkomande eigentleg ikkje på Faderen, for Gud ER ikkje ein slik tanke. Den Gud som eksisterer har nemlig ein son, som er før alle tider, Guds evige Ord, uforanderlig, som på ingen område ulik eller underlegen Faderen.

Det står altså at når me trur på Jesus, trur me på han som sendte Jesus. Ein annan stad står det at Herren Kristus sendte ut apostlane. Det er jo også det navnet deirans betyr. Dei som på gresk blir kalla angeliare (altså englar på norsk) blir på latin nuntii, begge ordene betyr budbringar. På samme måte blir det greske ordet apostoli til missi på latin, altså utsendingar. Men aldri ville nokon av apostlane ha turt å sei: Han som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg. Me kan tru ein apostel, men me trur ikkje PÅ HAN, i den forstand, for det er jo ingen apostel som rettferdiggjer dei ugudelige. Men den personen som trur på Han som rettferdiggjer dei ugudelige, han blir rekna som rettferdig fordi han trur. Romarbrevet 4, 5. Ein apostel kan sei Han som tar i mot meg, tar i mot han som har sendt meg, eller han som høyrer meg, høyrer han som har sendt meg. Herren sjølv seier jo det i matteus 10, vers 40. For meisteren får ære ved tjenaren, og faderen i sonen. Men berre den einbårne Sonen kan med rette seia, Tru på Gud, og tru på meg. Han avviser ikkje den truande frå å tru på seg sjølv, men seier at kvar den som trur på Faderen som har sendt han, straks også trur på Sonen. Slik får han oss til å tru på at han er likemann med Faderen, noko som også samsvarer med orda som følgjer etter: Han som Ser meg, ser han som har sendt meg.

Høyr godt etter på det han seier no: “Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret.” Ein annan stad seier Jesus at “De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. 15 Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. 16 Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen! “. Det står i matteus 5, 14-16. Men Jesus seier ikkje at DE har kome som eit lys i verda, så ingen som trur på dykk, skal bli verande i mørket. Eit slikt utsagn høyrer ingen stad heime. Dei heilage, eller helgnane, ER lys, men dei blir opplyst av Han ved tru, og kvar den som blir adskilt frå Han vil bli slukt opp av mørket. Lyset som opplyser dei kan ikkje bli atskilt frå seg sjølv, for det lyset er hinsides all forandring. Me trur altså på helgnar, små lys som har blitt tent på den måten, som for eksempel, profetane eller apostlane, men me trur på dei nettopp fordi dei har blitt tent av sjølve Lyset. Me trur ikkje på helgnane i seg sjølv, men gjennom dei på Det Lyset som har gitt dei lys – slik  at me også kan bli opplyste, ikkje av helgenen, men sammen med han av lysets kilde.

Når han seier at “ingen som trur på meg skal bli verande i mørket”, er det klart at  alle  han har funne og teke seg av, har blitt funne i ein tilstand av mørke. Men for at dei ikkje skal forbli i det mørket som dei var blitt funne i, bør dei tru på det Lyset som har kome til verda – for ved det blei verden skapt.

Vidare seier han: “Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømmer ikkje eg.” Eg veit at de har høyrt det før i ein tidlegare time, og dersom nokon av dykk hugsar det, så kan de repetera det no – og dersom det var nokon her som ikkje kunne vera her den gongen, men er her no, så kan de høyra kva Sonen seier: Eg dømmer han ikkje. Men ein annan stad seier han: Faderen dømmer ingen, men har overgitt dommen til Sonen. Med dette skal me forstå at det ikkje er NO at Sonen dømmer. Og kvifor ikkje akkurat no? Høyr på det som kjem etter: For eg er ikkje komen for å dømma verda, men for å frelsa verda.” Med andre ord: Han vil føra verden til ein tilstand av frelse. No er det altså ei nådens tid, og først etterpå vil tida for dommen koma.

Sjå også kva han seier om dommen ved tidens ende:

“Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, har ein dommar over seg: Det ordet eg har tala, skal dømma han på den siste dagen.” Han seier ikkje at “eg skal ikkje døma han på den siste dagen” – hadde han sagt det, kan eg ikkje forstå anna enn at det ville vore ein motsigelse til det verset me leste i stad om at Faderen har gitt dommen i sonens hender. Men altså: “Ordet eg har talt, seier Jesus, det skal dømma han på den siste dagen. På den måten gjer han det heilt klart at Han sjølv vil då vera dommaren.  Men dei som aldri har høyrt ordet han har talt, vil derfor bli dømt på ein annan måte, enn dei som har høyrt ordet og forkasta det. For som Paulus skriv: “Alle som synda utan lova, skal gå fortapt utan lova. Og alle som synda under lova, skal dømmast etter lova.”

Vidare seier Jesus: “For eg har ikkje tala ut frå meg sjølv”. Han seier at han ikkje taler ut frå seg sjølv, fordi HAN ER IKKJE av seg sjølv. Om dette har me snakka så mange gonger allerde, at no, utan noko meir opplæring, treng me berre å minna dykk på det som ei velkjend sanning. “Men Faderen som har sendt meg, har gjeve meg påbod om kva eg skal seia, og kva eg skal tala.”, seier han. Det er kanskje nåken her i dag som ikkje har høyrt oss tala om dette tidlegare, eller nokon som har gløymt det me har sagt før? For deira skuld la oss vera overberande. Spørsmålet er: Korleis gir Faderen eit påbod til hans einbårne Son? Med kva ord talar han, når Sonen sjølv er det einborne Guds Ord? Kunne det vera ved hjelp av ein engel, når det var ved Sonen sjølv englane blei skapt? Eller var det ved hjelp av ei sky, som me leste om tidlegare, som ei stemme lydde frå? Det står jo at det skjedde, ikkje for Sonens skuld, men for deira skuld som trengte å høyra det. Eller kunne det vera at det kom lyd over leppene, når me veit at Faderen er ånd, og har altså ingen kroppslig form – og det er heller ikkje noko mellomrom mellom Faderen og Sonen, slik at luft kunne sleppa til, for å gjera det mulig for ei stemme å bli høyrbar. La oss legga til sides alle slik uverdige tankar om Hans ukroppslige og uforklarlige eksistens.

Den eine Sonne er ORdet og Visdommen frå Faderen. I det ligg det at alle Faderens påbud Er i Jesus. For det fanst aldri ei tid der Sonen ikkje kjente til sin himmelske faders påbod, slik at det skulle vera nødvendig I TIDA for sonen å gripa den han før ikkje kunne begripa. For det han har mottatt frå Faderen, mottok han når han blei født før alle tider. På samme måte er han også Liv, og det livet mottok han når han blei født, før det var noko fortid å snakka om, der sonens personlige eksistens liksom skulle vera uten det livet. På den eine sida kan me sei at Faderen har livet, og han ER det han Har – likevel mottok han det ikkje, for han er ikkje av nokon. Men sonen mottok livet som ei gåve frå Faderen, og han er Av Faderen, og han  er også det han Har, for han har liv, og han Er liv. Han seier sjølv; Slik Faderen har liv i seg sjølv, slik har han også gitt Sonen å ha liv i seg sjølv.”. Slik viser han igjen at han sjølv er Faderens likemann, og ikkje underlegen. Faderen gav liv, og når han fødte liv til Sonen, kva anna var det han gav han enn evnen til å vera sjølve livet? Hans fødsel er sjølv evig, – det var aldri ei tid uten den Sonen som er livet, og aldri var det ei tid når Sonen var uten liv, og på samme måte som hans fødsel er evig, så er han også sjølv EVIG LIV. Altså; Når det står at Jesus fekk eit påbod frå Faderen, er det å forstå på samme måte som når me lærer at Sonen blei født, sjølv om det aldri fanst ei tid der Sonen var uten eksistens.

Og så kjem ordene:  Og eg veit at hans påbod er evig liv. Dersom Sonen sjølv er Evig liv, og Faderens påbud er det samme, kva anna blir uttrykt her enn at ; Eg er Faderens påbod? Og på samme måte, i framhaldet, “Det eg seier, det seier eg slik Far har sagt meg det.» Lat oss ikkje tenka at Faderen brukte ord for å tala til sitt einbårne Ord, eller at Guds einbårne Ord og son trengte ord frå Gud. Nei, faderen talte til Sonen på same måte som han gav liv til Sonen. Han er den sannferdige, og han fødte Sannheten. Men sannheten hadde jo ingen ufullkommenhet i seg, slik at han trengte å få meir sannhet. Faderen talte til sannheten i detn forstand at han Fødte han.  Sannheten talar til dei som har forstand, og som er lært av Han som Gudfødt sannhet. Men slik at mennesker skulle Tru det dei endå ikkje hadde kapasitet til å forstå, blei ord uttalt frå Hans menneskelege lepper, lydar som raskt traff øyrene, og varte berre ei kort stund – men sjølve sanningane som blei talt, som lydane berre er eit ytre uttrykk for, blei lagra i minnet til dei som høyrte det. Difor har det også blitt overlevert til oss ved at nedskrivne bokstavar blir lest som tegn av augene våre. Men sjølve sanninga, talar til vårt indre, til sjelene til dei som har forstand – han treng ingen lydar for å læra oss, men overstrøymer tankane med forståelsens lys. Og han som i det lyset er i stand til å sjå evigheten i Hans egen fødsel, høyrer på samme måte Sannheten talar, og høyrte det Faderen gav han påbod om at han skulle seia.

Han har oppvekt i oss ei stor lengsel etter erfaringa av Hans nærvær i vårt indre. Det er ved å daglig veksa at me får tak i det, og det er ved å vandra at me veks, slik at me skal bli i stand til å oppnå det.

Alt til ære for Faderen, og Sonen og Den Heilage Ande – som var og Er og Blir, ein sann Gud frå Æve til æve. Amen.

Hvem lader livet ditt?

Hvem lader livet ditt?, spurte Fr. Ottar Myrseth sta. Sunniva menighet i dag. Glimt fra dagens messe:

2013-10-06 13.52.56

Prostebesøk

virgin-mary-refuge-of-the-sick-ir-793Førstkomande søndag feirer vi messe med besøk frå prosten Ottar Myrseth i Selja prost. Han skal preike over teksten i Markus 2:1-12. Fader Svein Bartolomeus er liturg.

Den gammeltestamentlige lektien er 1. Mos. 15:1-6. Nytestamentlig epistel er Rom. 4:1-8.

Mikkelsmesse

mi583x

Førskommende søndag feirer vi Mikkelsmesse. Dette er en kirkehøytid viet til erkeengelen Mikael. Den feires 29. september hvert år. I Norge var Mikkelsmesse helligdag frem til 1770.

Merket for Mikkelsmesse på primstaven er som regel en vekt, et attributt som har vært knyttet til Mikael. I folkelig tradisjon har Mikkelsmesse vært en viktig innhøstingsfest og derfor en av de store merkedagene i året.

Det er fader Roy-Olav som forretter og preker. Den gammeltestamentlige lektien er 1. Mos. 28:10-17. Nytestamentlig epistel er Hebr. 11:1-14 og evangelieteksten finner dere i Johannes 1:47-51.

Er mennesket til for sabbaten?

20130920-123518.jpg

Sundag 22. september feirar Sta. Sunniva kyrkjelyd Herrens oppstode.

Det er 17. sundag etter treeiningsdagen, og sentralt i feiringa står Jesu ord i Markusevangeliet som syner oss at Han er Herre og står over folkemeiningar og menneskebod: «Sabbaten vart til for mennesket, ikkje mennesket for sabbaten. »

Fader Svein Bartolomeus forrettar og held preike. Den gamaltestamentlege lektien er Jesaja 1:12-17. Nytestamentleg epistel finn ein i 1. Joh 4:7-10. Evangelietekst er Mark 2:18-28.

Messa vert feira kl 11.00 i kyrkja i tredje høgda i ”Sjøfarendes Aldershjem” på Nordnes (Haugevn. 34a/like ved akvariet). Velkomen!

Gamletrua

(korte utdrag fra artikkelen ”Den gamle tro” av Ingrid Gjertsen. Det henvises til atikkelen i ”Motstand og tilbedelse, festskrift til Roald Nikolai Flemestad”, 2013, s. 197-213)

Etter reformasjonens innførelse i Norge høres i flere hundre år snakk om ”den gamle tro” eller ”gamletrua,” brukt i motsetning til ”den nye tro.” Den gamle tro står for den kristendom og praksis som hadde slått rot i folket før reformasjonen ble innført i 1537.

Gammel norsk homiliebok fra den første kritne tid her i landet vitner om en kristendom der kirken er bærer av hele troslivets innhold og praksis. F. eks. står det om de kristne som et hellig folk. Legemet er Guds tempel. Dette er slik fordi kirken og menigheten kalles med samme navn, kirken. Kirken er et bilde på menigheten og menigheten på kirken. Hvorfor er det slik? Fordi den enkelte menighetslem er et hellig tempel for Gud som bor i oss, slik apostelen Paulus sier. Mennesket blir ikke et tempel for Gud gjennom ytre prakt eller gode følelser, men gjennom praksis:

”Og like eins som me segjer at kyrkja er bilete på heile kristenlyden, soleis   kan ho og vera bilete på kvar einskild kristen som i sanning gjer seg til eit tempel for den Heilage Ande med gode seder. For kvart menneske skal byggja ei åndeleg kyrkja i seg, – ikkje av tre og stein, men av gode verk.”
(Gamal norsk homiliebok s. 75, Kyrkjedagspreika).

I folketradisjonen holdt gamletrua seg lenge, ja helt inn i vår tid. Det offisielt kirkelige og det folkelige følger ikke automatisk lag. Det finnes nok av eksempler på det motsatte.  Å feire messe på gamlemåten ble et folkekrav etter reformasjonens innførelse.Fra mange plasser i Norge forteller kildene om at betydelige deler av befolkningen boikottet representantene for den nye tro. Mest tydelig skjer det på Vestlandet og i bygdene omkring Oslofjorden. Folk unnlot å gå til messe. (Gran, red.: Den katolske kirke i Norge, s. 93) De ville heller feire messe slik de var vant til og de likte ikke den nye liturgien og de nye ordningene som kom med reformasjonen.
 
Praksis i det stille

Det gikk lang tid før ”den nye tro” slo rot blant folk. Mange skikker fortsatte som før og fra store deler av landet finnes eksempler på hvordan folk holdt fast på det katolske. Etter hvert utover i reformasjonen fortsatte folk mer i det stille med sine katolske skikker. De innfant seg i den protestantiske gudstjenesten for å unngå problemer og forfølgelse og utførte sin praksis så langt det gikk. På landsbygda kunne det også hende de hadde prester med gammeltroende sympatier som så gjennom fingrene med folks praksis. Flere skikker fra den gamle tro holdt seg i folket lenger enn det mange i dag er klar over.

I middelalderen hadde menigheten vært vant til å knele flere ganger under messen, og det fortsatte den med. Reformasjonens biskoper beklager dette, og i en uttalelse fra 1604 heter det at menigheten ”ligger i kirkebenkene som kuer”. I Gloppen i Nordfjord praktiserte menigheten (i alle fall i 1824) ”den seksfoldige Knælen” under høymessen. (Gervin: Det store bruddet, 1999 s. 106). I sin doktoravhandling i folkloristikk, ”Helg og hviledag,” (Oslo 1981)  skriver Anne Helene Bolstad Skjelbred om kirkelige skikker i tidsperioden 1870 til 1970. Før kirkefolket fant sine plasser i kirken, bøyde de kne. Det finnes erindringer om dette fram til 1940- og 50-årene, sterkest i Bjørgvin bispedømme. Kvinnene holdt lengst på denne skikken. Kneling har også foregått under selve gudstjenesten, som ved Kyrie og andre bønner. Under nattverden, når presten leste innstiftelsesordene, korset menigheten seg tre ganger, for ansiktet og 3. gang ”rett hårdt” for brystet. Å korse seg ved velsignelsen var også vanlig (kilde fra Osterfjorden, Hordaland). Å bøye hodet eller neie ble også brukt. En kilde fra Kvinnherad i Hordaland forteller (1955): ”Då presten messa den aronitiske velsigninga til slutt medan kyrkjelyden stod, neia kvinnene kvar gong presten nemnde ordet ”Herren” og mennene bøygde hovudet framover. Det var som det bylgja att og fram i kyrkja medan velsigninga vart lesen.” (Skjelbred s. 44-48)

”Å lese i hatten” var en skikk som holdt seg mer eller mindre til 1940-årene. Det var mennene som gjorde det. Hva de ”leste” er uvisst, det var en hemmelighet. Dette var fast, formalisert, noe alle fulgte. Etter at de hadde funnet sine plasser i kirken, bøyde de hodet over hatten eller de holdt den foran ansiktet for å lukke omgivelsene ute mens de var i stillhet, i bønn eller kontemplasjon. Kvinnene på sin side hadde en stille stund i benken der de foldet hendene og bøyde hodet mot salmeboka. (Skjelbred s. 46-47)

Folk feiret også fastelavn mot kirkens vilje og beholdt de katolske fastedagene. Forberedelsene til nattverd ble tatt alvorlig. Skikken med å faste før nattverd ble brukt fram til 1900, i Bjørgvin, der skikken sto sterkest, fram til 1930-tallet. Man fastet gjerne til frokost, ofte også kvelden i forveien, slik at det kunne gå ¾ døgn før en fikk mat igjen. Fasten ble overholdt i ulik grad, men  for mett burde man ikke være før man gikk til Herrens måltid. Man skulle ”svelta etter nattverden.” Forberedelsene til nattverden dreide seg ikke utelukkende om faste. Man skulle være ekstra ren og pen i klærne, helst mørke klær, ikke for mye pynt. På forhånd, kanskje kvelden før, satte man seg til med salmeboka og bønnen for altergang som sto der. Etter nattverden ble de som hadde vært til alters hilst med ordene  ”til lykke og salighet”. (Skjelbred s. 50 – 53)

Også kirkeklokkene ble vist en viss ærbødighet. Når kirkeklokkene ringte til gudstjeneste, løftet mennene på hatten eller lua og gjorde korsets tegn, enten de var på kirkeveien eller sto utenfor på kirkebakken. Skikken er kjent til 1940-50 årene. (Skjelbred s. 43-44)
 
Johann Arndt 

Videreføring av den gamle tro inn i en luthersk kirkevirkelighet her hos oss skjer også gjennom en fromhetstradisjon mange ikke forbinder med en slik funksjon. Denne uvitenhet skyldes mye at denne fromheten har vært en folkebevegelse og representerte en motkultur i kirken, og at den primært  ikke har tilhørt den offisielle arena. Jeg tenker her på Hans Nielsen Hauge og haugebevegelsen. En viktig forutsetning for pietismen og haugebevegelsen var  den såkalte ”arndtske fromhet” med sentrum i Rostock fra sent 1500-tall og utover. Johann Arndt var luthersk teolog men regnes som allmennkirkelig. Han bygger mye på felleskirkelige, førreformatoriske, spesielt mystikernes kilder. Arndts bok ”Den sanne kristendom” fikk stor innflytelse blant kristne lekfolk her i Norge. Den var særlig høyt skattet av Hans Nielsen Hauge (1771 – 1824) og haugebevegelsens folk, og nest etter bibel og salmebok var den i områder av landet (bl. a. i Bjørgvin) den mest utbredte oppbyggelsesbok helt fram til på 1900-tallet. Arndts konsentrasjon om et hellig liv har sin parallell i Gamal norsk homiliebok om ”det rene liv,” at  mennesket er et hellig tempel for Gud, og ”kvart menneske skal byggja ei åndeleg kyrkja i seg,” ikke av tre og stein men av gode gjerninger.
 
Oppsummering

Det som kjennetegner den gamle tro helt fra den første kristne tid av her hos oss er et trosliv fundert i kirkens liturgi med sakramentene som det sentrale. Tro skal vise seg i praksis, i gode gjerninger. Sentralt i dette er budet om å elske Herren din Gud og din neste som deg selv. Et kjennetegn er også det praktiske og konkrete, handlingene, både kropp sjel og ånd helliges Gud. Hverdagslivet helliges. Kirkens messe søkes så sant det er mulig. Fylden i de helliges samfunn er der til stede, med Gud den treenige, engler og helgener og alle troende her og nå og til alle tider. Som kirken er skal også mennesket være Guds tempel. En slik tro har hatt ulike levevilkår og gitt seg varierende utslag gjennom tidene, men mye av det sentrale er fortsatt til stede blant oss.

Messeglimt

20130908-180352.jpg

«Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»

Master_of_the_Good_Samaritan_00125. august feirer vi 13. søndag etter treeiningsdagen. Sentralt i feiringa står evangelieteksten om den miskunnsame samaritanen (Luk 10:25-37): «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja…».

Fader Svein Bartolomeus forrettar og preikar over temaet: «Skuldig å elske». Den gammeltestamentlige lektien er 3. Mos 19:16-18. Nytestamentlig epistel finn de i 1. Joh 4:7-10.

Nytt ikon

20130818-154525.jpg

I dag starta vi med ordinære messefeiringer i sta. Sunniva menighet. Oppstarten vart velsigna med en gave fra Bulgaria.

Messe søndag 18. august

Sjo_alder_kap_TH

Etter en sommer der sta. Sunniva menighet har feiret messene sine i Hidlerkapellet på Tegland i Øvre Hålandsdalen, starter vi førstkommende søndag opp med ordinære messefeiringer i kirka vår på Nordnes.

Vi er kommet til 12. søndag etter treenighetsdagen, og sentralt denne søndagen er historia om den døve mannen som Jesus helbredet. I evangelieteksten står det blant annet: ”Jesus stakk fingrene i ørene hans, tok spytt og berørte tungen hans. Så løftet han blikket mot himmelen, sukket og sa til ham: «Effata!» – det betyr: «Lukk deg opp!»

Det er fader Roy-Olav som forretter og preker. Den gammeltestamentlige lektien er 1. Sam. 3:1-10. Nytestamentlig epistel er 2. Kor. 3:4-6 og evangelieteksten finner dere i Markus 7:31-37.

Søndag 18. august klokka 11.00 i kirka i tredje etasje i Sjøfarendes Aldershjem på Nordnes (Haugevn. 34a/like ved akvariet). Velkommen!