Palmesøndag rir Kristi kongen inn i Jerusalem. Ikkje med store parader, men på ein eselfole. For han er reisa til Jerusalem reisa til krossen og døden, og vi er alle inviterte til å slå følgje. Vi er inviterte til å ta del i det store spelet der Jesus gjennom krossdøden skal sigre over all verdas vondskap – ei reise som vil ta han frå palmesøndag til påskedag.
Dette blir kalla for den stille veka. Det er veka der heile skapningen held pusten, for alt står og fell på det som skjer i påska. Tida frå inntoget i Jerusalem til den tomme grava er midtpunktet i all historie. Det er verdshjulets nav som alt anna krinsar rundt. Det er både endestasjonen og utgangspunktet for heile skaparverket. Det er møtestaden for fortid og framtid.