Palmesøndag

entryintojerusalem

Inngangen til det som både vert kalla den heilage veka, den store veka og den stille veka, byrjar med palmesundagen. Palmesundagen er fylt av glede og begeistring, men samstundes vemod og sorg: Det er glede og jubel over kongen og frelsaren som kjem, men dette er blanda med vissa me har om det som skal henda seinare i den stille veka.

I evangelieteksten for denne palmesundagen høyrer me òg om Kristi salving. Salvinga er både teiknet på hans føreståande død, men òg det som peikar på at Jesus står framfor ein ny fase i sitt virke ved inngangen til si eineståande, messianske gjerning.

Messa tek til med velsigning av palmegreiner og prosesjon for alle frammøtte.

Sta. Sunniva kyrkjelyd feirar palmesøndag saman med st. Olav misjon i Ålesund 25. mars klokka 11.00. Velkomne!