Denne sundagen innleier den verkelege pasjonstida. Fastetid går over til pasjonstid. Dvs. ei fordjuping og intensivering av førebuingane våre til å feire påske. Og ei intensivering av Jesu omgang med dødens lakeiar.
Jesu vandring mot Jerusalem endra seg frå vandring til kamp. Her kjem også vi inn i historia. Om vi vil vere med inn i kampen. Kampen mot det vonde er kampen mot synda. Jødane hadde reinsingsbad dei måtte gjennom før påske. Det treng vi også: Reinse våre sinn og tankar og liv så ikkje freistingar, men etterfylgjing får prege oss.
Så fylgjer palmesundag og tre heilage dagar i den stille veka då heile verda vert forvandla, og vi med henne. Smålege fightar med våre næraste, skammelege tankar, gjerningar og ord – alt dette forvandlar Han for dei som fylgjer Han. Han forsonar dei gjennom den nåden Han omsluttar dei med, utan å gjere skil på verdige og uverdige. Og Han samlar til eitt alle dei Gud born som er spreidde av sine indre fightar og sine svik når Han får forvandle.