Pengane eller livet

‘Kva kostar evig liv?’ spør ein rik mann. Han hadde gjort alt som var rimeleg å vente: Gjort Guds vilje. Berre éin ting stod att: Fri seg frå rikdomen sin.

«Det du festar hjarta ditt ved og som du stolar på, det er din gud.» Seier Luther om det 1. bodet. Det hjelper ikkje å halde boda om å snakke sant, ikkje stele, hore, eller begjære, dersom du ikkje passerar den fyrste testen.

Evig liv kosta Gud eit offer. Han gav opp livet for å gi oss livet. Der har du prisen på evig liv. Eit liv for eit liv. Sånn var det for Gud. Sånn er det for menneske.

Kva er det du festar hjartet ditt ved og stoler på?

(Historia om den rike mannen står i Mark 10,17-27.)

Translate »