
Pilegrimstunet – overnatting og omgjevnader for dei som ynskjer vera litt for seg sjølv, bruka tid i bøn og heilag lesnad i veksling med kanopadling, fiske, fjellvandring eller gardsarbeid.
Pilegrimstunet på garden Tegland ligg i Hålandsdalen i Fusa i Hordaland. I ein vill, naturskjønn og frodig vestlandsnatur kan ein finna ro og kvile. Overnattingsstaden ligg i vasskanten ved det vidgjetne fiskevatnet Skogseidvatnet. Frå hytta kan ein dra ut på holmeturar med kano i det 4 km lange vatnet, eller ein kan føreta vandringar i kulturlandskap, skogslier eller fjellterreng. Om ein ynskjer det, er ein velkomen til å delta i enkle arbeidsoppgåver på garden og få møta sauene. Ikkje minst oppmodar me til å nytta kapellet som ligg under ein stor heller nokre meter opp frå vatnet, rett sør for garden.
|
|
Stad | Tegland, 5640 |
|
|
Prisar | Overnatting: 500,- pr natt i vekedagar, 750,- pr natt i helger (fredag/-laurdag / laurdag-sundag) Sjå elles http://skogseidvatnet.blogspot.no/ for ytterlegare prisinformasjon |
|
|
Produkt | Overnatting med sjølvhushald, fri bruk av kano(ar) er inkludert i prisen Meir info om hytta ligg påhttp://skogseidvatnet.blogspot.no/ |
|
Kontaktinformasjon
Telefon | 47618490 |
---|---|
|
|
Nettstad | http://skogseidvatnet.blogspot.no/ |