Pinse, trinitatis og apostelfaste

2013-10-06 13.52.56Det blir diverre ikkje messer i sta. Sunniva kyrkjelyd denne pinsa. Den neste messa blir difor søndag 31. mai. Då får vi besøk av generalvikaren i Den nordisk-katolske kyrkja; fr Ottar Mikael Myrseth. Han skal leie oss i feiringa av trinitatis – treeiningssøndagen.

Kollektbøna for denne dagen er slik:

Treeinige Gud, Fader, Son og Heilagande, du som føder oss på ny i dåpen til ditt heilage namn, styrk oss i trua på deg, så me kvar dag lever i dåpsnåden og går med evangeliet ut til alle folkeslag ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre, som med deg og Heilaganden lever og råder, éin sann Gud frå æve til æve.

Vi minner også om at måndag etter trinitatis, 01. juni, starter apostelfasta som varer fram til Persok – minnedagen for apostlane Peter og Paulus 29. juni.