Truskap kostar
Det er lett å skifte standpunkt. Men berre ei tru er viljug til å ofre. Å skifte standpunkt er å prøve ein ny innfallsvinkel. Å svikte trua er å svikte Han du trudde på. Peter prøvde, men enda med å gå utanfor gråtande.
Truskapen spør ikkje etter gevinst, etter medbør eller motbør. I motgangstider er trua ein god ballast. «Herre, kven skulle vi gå til? Du har det evige livs ord.»
Den lure, politisk korrekte og veltilpassa kan drive det langt. Berre den trufaste ber den gode hushaldaren sitt adelsmerke.
Valet er til slutt mellom dei som vernar det som er edelt, og dei som vernar det som gir forteneste.
«Syn for segn det krev Guds ord / samklang mellom liv og læra / det er himmelsong på jord.»