«Vem har sagt at just du skall ha hörsel och syn», spør den svenske poeten. Jesus svarar i møte med ein døv som hadde vondt for å tala. Han vert løyst frå sitt handicap, og kan ikkje anna enn lova og prisa Gud. Han er gjenoppretta så han kan leva det livet Gud skapte han til.
Når Jesus opnar blinde auge, munnar og øyre, er formålet at dei skal la Guds namn helgast.
Heile skaparverket lid og sukkar etter å utfalda sitt guddomelege potensial. Jesus gir teikn på korleis livet i Gud er tenkt: Ikkje til sjølvrealisering, men til lov og ære for Guds herlegdom.
Vel møtt til messe i Sta Sunniva sundag 27. aug. kl. 11