Sta. Sunniva-sommaren

9022118619_6e7e61cda7

I Sta. Sunniva kyrkjelyd i Bergen er det jamn aktivitet gjennom sommaren. Messefeiringane er flytte til Hidlerkapellet i Hålandsdalen. Her skal det feirast messe sundagane 6. juli, 13. juli og 20. juli.

Sundag 27. juli vert det messefall i Hordaland. Då er messa lagt til Nidaros og DNKK sitt olsokstemne i Trondheim.

Gjennom sommaren vert det feira vesper i Holdhus gamle kyrkje i Fusa. Dette er den gamle kyrkja i Hålandsdalen, og tidebøner som vart bedne her i mellomalderen lyder igjen mellom fjella i dalen.

2014-06-26 10.15.48

 

Fylgjande onsdagar vert det vesper/ aftansong denne sommaren: 9. juli, 23. juli, 6. august og 20. august. Vesperen tek til kl. 19.00 og er eit samarbeid mellom Den nordisk-katolske kyrkja og Den norske kyrkja.

6. august vert det òg feira messe på Kristi forklåring i kyrkja på Nordnes

.