Jesus brukte år på å bygge opp eit mønster apostlane vidareførte: Hyrdingteneste og etterfylgjing. Jesus var og er Den Gode Hyrdingen. Apostlane sette inn hyrdingar i kyrkjelydane. Hyrdingen sin utfordrar er leigekaren, og sauene sin fiende er ulven.
Sauer treng flokken og flokken treng hyrding. Av sauer krevst at dei kjenner His Masters voice. Alle andre er leigekarar.
Enno er leigekarane si tid. Dei opnar grinda og let ulven splitte. Enno er forføringane, kyrkjesplittinga og fråfallet si tid. Men Den gode hyrdingen er på vegen. Vår oppgåve er å halde oppe visjonen av den eine hjord under den eine hyrding. Les Joh 10,11-16