Adam og Eva i Paradiset, Israel i øydemarka og Jesus i øydemarka. Gud bad dei om å faste. Berre Jesus stod prøva, var trugen og lydig.
Det vonde og det gode er åndelege dimensjonar. Jesu liv var ein kamp mot dei vonde åndskreftene. Også vi har ein kamp mot demonar i himmelromet.
Vi må velje kven vi skal tene og tilbe. Det er på høg tid å avvikle dei småpene og sjølvtrygge verdsbileta. Livet og verda er større enn det vi kan skaffe oss med pengar og underhaldning. Mennesket er bestemt til å nå Gud og leve i han.
Når demonane freistar, står vi på val. Det dei byd i byte mot Gud er tomrom. Når det blir tomt nok, står berre forvirringa og fortvilinga att.
Vi burde vite det, vi som forsaka djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen i vår dåp. Så vend om og tru på evangeliet. Guds rike er nær.